Hjelp?            




 







Avtale

AutoPASS-avtale
  • Du kan teikne avtale pr WEB eller hos servicestasjonar i området.
  • Rabattar: Du kan velje mellom 30%, 40% eller 50% rabatt pr passering
  • Avtalen og brikka er knytt mot køyretøyet. Registreringsnummer må difor alltid oppgjevast ved teikning, endring og oppseiing av avtale.
  • Du skal berre ha ei brikke per køyretøy.
  • Det er rekningsmottakar som teiknar avtalen. Det er difor ikkje naudsynt at det er bileigar som teiknar avtale.
  • Dersom du har har gyldig avtale og brikke frå eit anna anlegg, kan du nytte denne brikka når du teiknar  avtale med Folgefonntunnelen AS.
  • Det må betalast kr 200,- i depositum per brikke. Dette blir refundert ved oppseiing og retur av brikke. 
  • AutoPASS-brikka kan nyttast i alle andre AutoPASS-anlegg i landet, så framt du ikkje reserverer deg mot dette. 
  • Avtalevilkår (PDF-format)

Avtaletyper
  • Privatkundar kan knyte inntil to køyretøy til ein avtale.
  • Firmakundar kan knyte så mange køyretøy som dei ønskjer til avtalen, dersom køyretøya er registrert på same gyldige organisasjonsnummer.
  • Firmakundar må oppgi sitt organisasjonsnummer for å få firmaavtale.
  • Utanlandske køyretøy kan også teikne avtale.
  • Utrykkingskøyretøy, Elbilar/Hydrogenbilar, kollektivtrafikk i rute kan teikne avtale med Fritak. Dokumentasjon må da leggast fram.

Rørslehemma:
  • Rørslehemma får ikkje fritak i Folgefonntunnelen.
  • Det blir berre gitt fritak i vegprosjekt som er definert som bomringar. Pr i dag er det: Oslo og Bærum, Bergen, Stavanger, Kristiansand, Haugesund, Tønsberg, Namsos og Trondheim. I tillegg er det fritak i Kråkerøyforbindelsen.
  • For fritak for passeringsavgift i bomringar, må du ha parkeringskort som gjeld i minimum to år.  Da må du teikne ein vanleg AutoPASS-avtale med rabatt i Folgefonntunnelen, der du har levert inn/lagt med kopi av gyldig parkeringskort.

Avtale med sletting av data
  • Ein AutoPASS-avtale, der det er valt sletting av opplysningar om passeringar, gjer at passeringsdata blir sletta straks passering er belasta ein positiv kundesaldo. 
  • Etter sletting vil passeringsdata ikkje kunne framskaffast, heller ikkje ved ei eventuell klage. 
  • For meir informasjon sjå PERSONVERN
 
Faktura og avrekning
  • Det må teiknast avtale for å få rabatt ved passering. Du kan velje ein forskotsavtale på 30%, 40% eller 50% rabatt.
  • Når du har teikna avtale er det berre å køyre, og betale faktura så snart du mottar denne. Eventuell negativ saldo i denne perioden vil bli avrekna mot avtalen så snart forskotsbeløpet er betalt.
  • Du er sjølv ansvarleg for betaling av avgift etter gjeldande takstar og til rett tid.
  • Beløpet blir berekna ut frå høgaste registrerte takstgruppe på køyretøyet.
  • Ny faktura blir sendt når det er ca. 25% att av forskotsbeløpet. Dette blir varsla med kvitt lyssignal.
  • Forskotsbeløpet er ikkje bunde opp mot nokon tidsperiode.
     
Endring i avtale
  • Du er ansvarleg for at dei opplysningane som er gitt i avtaledokumentet er korrekte. Alle endringar i avtalen, slik som bytte/sal av bil, avtaletype eller adresse, kan endrast på MI SIDE, eller meldast til selskapet.
  • Du er ansvarleg for å ta med brikka di når du kvittar deg med køyretøyet. Brikka kan da overførast til nytt køyretøy eller returnerast driftsselskapet for oppseiing av avtale.
  • Det er ikkje høve til å overdra avtalen til andre personar eller selskap.
  • Du er til ei kvar tid ansvarleg for bruken av brikka og pliktar å gi melding til driftsselskapet snarast dersom du mister brikka eller den blir stole.
  • Du må gi beskjed om endringar til alle bompengeanlegg der du har avtale.
     
Min Side
  • MI SIDE kan du få oversikt over passeringar og saldo.
  • Du kan også foreta alle endringar i avtalen, slik som bytte/sal av bil, avtaletype eller adresse.
  • Dersom du har gløymt passordet, kan du få det tilsendt ved å klikke på "Glemt passord".

Årsak til retur/bytte av brikke
  • Dersom brikka er stole eller fysisk skadd, må kunden seie frå til Folgefonntunnelen AS v/Bro- og Tunnelselskapet AS.
  • Bytte av brikke som ikkje er fysisk skadd/stole skal avtalast med Folgefonntunnelen AS v/Bro- og Tunnelselskapet AS  på førehand.
  • Ved oppseiing av avtale. Sjå avsnittet under om Oppseiing.
 
Oppseiing
  • Ved oppseiing av avtale må du sende brikka og ei skriftleg oppseiing til Folgefonntunnelen AS v/Bro- og Tunnelselskapet AS.
  • Du må sende oppseiing til alle bompengeanlegg der du har avtale. 
  • Dersom du har fått brikka frå eit anna selskap enn Folgefonntunnelen AS, skal brikka sendast i retur til det selskapet du fekk brikke frå.
  • Kontonummer for eventuell refusjon av restsaldo må førast på oppseiinga.
  • Det gjenståande beløpet av innbetalt forskot blir refundert ved oppseiing av avtale. Dersom  kontonummer ikkje er oppgitt i oppseiinga, vil beløpet gå til den konto som betalte forskotsbeløpet sist.
  • Lågaste beløp som blir refundert er kr 50,-

Driftsmeldinger

Info om Digipost -  14-02-2012

...

Informasjon frå Statens vegvesen om Folgefonntunnelen -  04-03-2011

...

Arkiv

Det er for tiden ingen dokumenter i arkivet.